Einskap er styrke

December 30, 2007

Likesinna individ maksimerar sjansen for å overleve ved å lage alliansar. (Einskap er styrke), som konkurrerar med stigande hat etter kvart som dei ettertrakta resursane vert tømde og talet på personar som treng desse resursane stig. Dette skriv briten William Stanton i boka The Rapid Growth of Human Populations 1750 – 2000 frå 2003.


Engletull og englevet

August 12, 2007

Sju poeng å ta med

  • Norske media har inntekt og overlevelse som viktigaste mål. Derfor rapporterer dei om kongelege engledamer.
  • Dersom dei kritiserar engletru først no, har dei sove i timen i tusen år
  • Gudar (Jahve, Allah og fleire), englar og sataner er fysisk sett sprøyt.
  • Personar som trur på noko har ofte lettare for å skape sterke og motstandsdyktige grupper enn andre.
  • Religiøs legning er truleg knytta til eit overlevelsesgen.
  • Tru kan flytte berg og gjere enkelte sjuke friske.
  • Ein stamme kan ha fordel av felles rasjonelle forestillingar om oversanselege tilhøve.

To tips for kommunevalet

August 11, 2007
  • Offentleg tilsette vil vere litt meir positive til å utvide offentleg sektor og auke skattar og avgifter enn kandidatar frå næringslivet. Kandidatar som arbeider i privat sektor vil være litt meir ansvarsbevisst med andre sine pengar og styre meir effektivt, utan møter og møter, enn folk frå offentleg sektor.
  • Parti og ideologiar som er positive til flyktningstraum og masseinnvandring, er fårlege for landet og kommunene. Dei tenkjer ikkje over at Norge alt er overbefolka i høve til sjølberging.

Norsk umoral 3x

August 10, 2007

Det er dårleg moral å hjelpe flyktningar i rådyre Norge, når ein kunne hjelpt ti gonger så mange i området dei kom frå.

Flyktningstraumen skader våre eigne svake først og mest. Derfor er  det umoralsk av dei sterke og rike å medverke til folkeauke i Norge. Når dette først skjer, er det greitt at makteliten og dei etnisk framande deler Oslo-gryta når oljedauden tek til.

Den største umoralen ligg i at I-landa har hjelpt U-landa til å auke folketalet på stigande oljetilgong. Dermed vil krisa bli maksimal når oljen om 20 - 30 år tek slutt og folketalet på jorda må ned.

Skreiv nokon ei bok om Den arrogante humanismen?


Høvdingmerke

August 8, 2007

Den legendære Chrysler-sjefen Lee Iacocca kom i vår med ny bok, over 80 år gamal. I Where Have all The Leaders gone? kritiserar han dagens US-leiarelite, president Bush medrekna, nord og ned. Iacocca stiller sine ni krav til leiarar, som vi kan stille til høvdingar i det framtidig stammesamfunn:
vitelyst (curiosity)
kreativitet (creativity)
kommunikasjonsevne (communicate)
karakter (character)
mot (courage)
overbevisning (conviction)
karisma (charisma)
kunnskap (competent)
folkevett (common sense)

Dette kan også vere krav til dei som skal vere høvdingar i dagens kommune-Norge.


Eit enkelt spørsmål

March 26, 2007

Bruk ikkje tid på å diskutere problem med folk som ikkje ser problema og som ikkje vil sjå problema. Eit enkelt spørsmål gjev lett å sile ut kven som har forstått trugsmålet som tømminga av oljen betyr.

Spør: Kor mange nordmenn kan overleve på norsk mat når oljen tek slutt? Svaret eller måten det vert svara på vil avsløre både grunnhaldning til den usikre framtida og faktisk kunnskap om den. Du vil oppleve at minst 99 av 100 sporar av eller svarar feil, enkelte fordi dei ikkje forstår spørsmålet eller fordi dei innbiller seg at framtida er langt tryggare enn det realitetane fortel.

Berre dei få som reagerar intelligent er det verdt å diskutere med. Og eit intelligent svar er innom sjølbergingsgraden og spørsmålet om drivstoff for traktorar, lastebilar og båtar. Tips: kor mange kunne Norge brødfø før vi fekk traktorar og kunsgjødsel?


Fredlys optimistane

March 26, 2007

Dei som har forstått konsekvensane av auka folketal og auka forbruk på den eine sida, og energimangel og klimaendringar, pandemiar etc. etc. på den andre, kan lett bli frustrert over nordmenn som ikke har forstått dette. Personar som burde, men ikkje kan eller vil forstå kva vi går imøte, kan verke irriterande overfladiske. Dei står som ein barriere mot den store folkeoppklåringa.

Men med litt ettertanke, serleg rundt risikoen for at folkeoppklåring går over i folkehysteri, kan slike optimistiske profetar godt reknast som nyttige idiotar.

Professorar og politikarar som anten er optimistar eller nøytrale det-går-nok-bra-folk hjelper til med å hindre ålment kaos.

Slik folkeopplysninga rundt overgangen frå dagens paradis til postpetro-helvetet, gjev dei bevisst tid til mental utvikling, organisering og praktisk beredskap. Det kan sikre dei beviste den nødvendige marginen når eit eller anna får den labile velferden til å kippe over i kaos.


Tren ryggen i gode dagar

March 26, 2007

Det skal god rygg til å tåle gode dagar. Først fekk Norge egaliseringa. Så fekk den vasskrafta. Deretter oljekrafta. No venter gasskrafta. To generasjonar nordkvinner og -menn har vakse opp på stigande konjunktur, med rimeleg energi til å subsidiere lediggong og sløsing.

Når energikrisa slår til om nokre år, vil den råke 4,5 millionar bortskjemde og sløve optimistar som trur oljerikdomen skal vare evig og gje oss ei sorglaus framtid. Dei få nordmenn som ser ei anna framtid er enten redd for å varsle om den eller held egoistisk inne med sin innsikt.

Ta ein halvtime i veka og sjekk nokre nettstader eller nyhetssøk med kritisk informasjon. Lag deg ei samling av søkjeord som går til sentrale knutepunkt på webben. For mentalhygienen si skuld: ha minst ein kontakt som deler di interesse for framtida og som er så robust og reflektert, at dårlege meldingar vert oppfatta som ein konkurransefordel.


Bo nær energien

November 20, 2006

Eit enkelt råd når det gjeld tilpasning til tida etter oljen:

Flytt slik at du ikkje bur for langt frå ein fornybar energiressurs. I praksis betyr det ein skog, eit kraftverk (fossefall), eit vindmølleområde eller ein tidevasstraum. Prioriter energikjelder som kan utnyttes “low tech”.


Ta omsyn til den komande verdskrisa, men hald kjeft om den

August 7, 2006

All samfunnsdebatt i dag overser eit grunnleggjande faktum: Alle land på jorda er dramatisk overbefolka og vil om 15 -25 år oppleve stigande naud og krig.  Det lever idag 6.333 millionar menneske på jorda. Alle desse, også dei som idag lever godt, ynskjer seg eit bedre liv. “Eit betre liv” vil for alle desse omfatte større materiellt forbruk. Det gjeld ikkje berre for fattige, men for dei som idag lever i luksus. Dei som har ein fin bil ynskjer seg som regel ein større og finare bil og/eller fleire bilar. Dei som har rikeleg med klær ynskjer seg nye og finare klær. Og dei få idealistane som meiner dei har nok, ynskjer større materielt forbruk for andre, ofte mange millionar andre. Større materielt forbruk betyr alltid meir energiforbruk. Alle ting krev energi for produksjon, transport, oppbevaring, drift, vedlikehald og destruksjon  Det betyr at 6,333 millionar no er med på å auke energiforbruket i verda. Dessuten kjem det årleg 70 millionar nye munnar å mette, huse, kle, reparere og underhalde. Den totale energitilgongen er derimot i ferd med å flate ut og gå nedover. Når oljen og gassen tek slutt, vil konsekvensen av dette kome til syne: matmangel og kamp om ressursane. Det nyttar ikkje å vere engasjert i samfunnsdebatten uten å ta omsyn til dette. Men det nyttar heller ikkje å servere dette usminka i ein debatt. Derfor vert det ein balansegang, for å ta omsyn til den komande verdskrisa utan å utbasunere den. Tyskaren Manfred Wöhlcke skreiv i 1999 boka Das Ende der Zivilisation,  men valde å skrive den som (svart) humorbok for å få den utgjeven.