Ti grupper, ti spørsmål om det oljelause Norge

March 29, 2006

For å finne ut kvar folk står, er det greitt å stille nokre kontrollspørsmål om framtida. Her er ti persongrupper og eit sprøsmål til kvar av dei:

  1. Nabo  Kor mange nordmenn kan leve av det vi avlar, fiskar og skyt i landet?
  2. Journalist Kvifor vert det ikkje laga fleire scenarier om tida etter oljen?
  3. Kommunestyrepolitikar  Kor mange kan kommunen brødfø utan olje?
  4. Ingeniør Kva for energiform er aktuell for drift av bilar etter oljen?
  5. Økonom Korleis kan marknaden (folk flest) vite kva som er rett omstilling?
  6. Bonde Kva har han/ho tenkt å dyrke utan traktor?

  7. Jurist  Korleis kan vi sikre oss mot offentleg konfiskering i ei krisetid?

  8. Stortingsrepresentant Kor lenge vil Norge produsere nok olje til eige bruk?

  9. Lærar Korleis bør skulen førebu elevane på tida etter oljen?

  10. Militær Korleis skal Norge forsvare seg når svenskane vil ha tak i oljen vår?


The Collectors Corner

March 29, 2006

Christen R. samlar små flasker, Christen Bj. samler dyr kunst, Christen H. samlar batteridrevne ur. Når oljen tek slutt, vil realverdien på desse varene gå ned og samlarane sit att med ein affeksjonsverdi få eller ingen har lyst og høve til å betale for.

Dersom dei hadde samla store flasker, lerret, oljefarge og opptrekksur, ville dei hatt realverdiar i ei oljelaus verd. Det er derfor god grunn til å vere framsynt når det gjeld val av objekt for samling. Her er fem aktuelle objekt for langsiktig samling:

  • verkty
  • syklar
  • jaktvåpen
  • båtar
  • turutstyr

Lit ikkje på oljefondet

March 27, 2006

Oljeinntekta vert oppfatta som vår generasjons lottogevinst. Derfor er petroleumsfonddet døypt om til "pensjonsfondet". Vi skal ete og drikke opp pengane før vi døyr.

Gløym oljedirektør Gunnar Berge sin visjon om at aksjeavkastninga skal gje oss evige "oljeinntekter". Når oljen tek slutt stuper aksjekursane mot null og oljeformua er borte. Investeringane vert nemleg styrde av økonomar med lite greie på energikrise og på langsiktig geopolitikk.

Fordi oljeinntektene kjem berre ein gong, finst det berre ein fornuftig bruk av oljepengane. Det er til å investere i framtida for dei som kjem etter oss. Det er å gjere åkeren som skal gje oss mat litt større. Det er å investere i framtida:

  1. Promotere sparing og forenkling av livsstil, sikre beredskap og samhandling.
  2. Utvikle fornybar energi som kan hjelpe etterslekta å overleve.
  3. Redusere folketalet i Norge slik at det vert balanse mellom mat og munnar.

Dessverre er det lita von om at dagens demokrati skal tenkje langsiktig. Derfor er det viktig å sikre framtida for seg og sine utan å rekne med utbetaling frå pensjonsfondet.


Nasjonalpartiet 2017

March 27, 2006

Scenario: Før valet i 2017 er bensinprisen komen opp i 50 kroner pr. liter og det er att olje for åtte års full produksjon. Då stiller Nasjonalpartiet til val med dette programmet:

  1. stans i eksporten av olje og gass
  2. eigenandeler for behandling livstilssjukdomar
  3. skattefritak opp til 300.000 i løn
  4. livsvarig for tredje gongs straff
  5. tildeling av 500 liter bensin skattefritt pr. borgar
  6. skattefritt overtidsarbeid
  7. rasjonering av mat og energi
  8. arbeid for trygd
  9. utvisning av 500.000 framandkulturelle
  10. intelligenstest av alle valkandidatar
  11. elektronisk merking av kriminelle
  12. inndraging av norske formuer i utlandet
  13. sortering av elevar i klassar etter resultat
  14. borgarrett å forsvare privat eigedom mot plyndring
  15. premiering av dei sjukdomsfri
  16. arbeidsplikt for fangar
  17. premiering av låge barnetal
  18. nasjonalisering av framande bedrifter

Med dette ekstremt populistiske programmet får Nasjonalpartiet 55% av stemmene og kan starte angrepet mot sosialstaten med demokratiet i ryggen.


The oil is going!

March 23, 2006

Her er eit journalistisk møte med US-anarar som førebur overgang til eit oljelaus liv. “I think that a lot of people have their head in the sand about this” er eit sitat.


Fem beredskapstiltak

March 20, 2006

Risikoen knytt til utvikling av ei energikrise saman med andre fårefaktorar skaper behov for mottiltak. Gløym hamstring og start med fem tiltak som er plyndringssikre og sentrale:

Legg om til enkel livsstil
Det gjeld å tilpasse innsats og forbruk gradvis til den situasjonen som vil oppstå når den konvensjonelle, rimelege oljen tek slutt og mange må slåss om reduserte ressursar.

Pass helsa
Det offentlege helse- og trygdesystemet vil vere mellom det første som sviktar når oljen tek slutt. Den som driv privat helserøkt og skaffar seg privat tilgong på medisinsk hjelp, kan få eit betre liv når krisa startar.

Lær sjølberging
Praktisk evne til å skaffe mat,  reparere hus, produsere klær og yte motstand mot angrep er viktig.

Lær borna praktisk arbeid
Teori og kultur vil misse verdien når oljedauden overraskar oss. Evne til å utføre praktisk arbeid vil vere livsnødvendig for dei som vil vekse opp. Derfor er det lurt å lære barn praktisk arbeid.

Bygg alliansar
Lokale grupper med felles mål og meining og med sans for samarbeid, er nødvendig grunnlag for å meistre presset frå verda rundt.


Den globale dominoeffekten

March 20, 2006

Verda vi kjenner har utvikla seg sakte, med enkelte overraskande krigar, kriser og katastrofer. Etterkvart har fem faktorar utvikla ein skræmande endringsdynamikk for vår sivilisasjon:

  1. Globaliseringa har skapt ein vev av globale aktørar og aktivitetar som grip inn i kvarande. Dette internasjonale systemet er utsett for lokale samanbrot, enten det er naturkatastrofer, sjukdom, hungersnaud eller krig.
  2. Teknologien held oppe dei fleste industrielle aktivitetar, kommunikasjon og styringssystem. Små feil kan få store konsekvensar i store nettverk.
  3. Verdsøkonomien er bygde på forventningar som kan skifte på minutt. Ei global børskrise kan utvikle seg på få timar.
  4. Media er blitt ein effektiv industri som sel påverknad. Dagens mediakommunikasjon er momentan og kan skape massehysteri snøggare og sterkare enn nokonsinne før.
  5. Terroristar har potensiale for større og meir spreidde angrep enn før. Ein mann med sverd kunne drepe nokre få, ein mann med atomvåpen kan drepe tusenvis.

Desse faktorane grip inn i kvarandre. I ein krisesituasjon vil dei forsterke kvarandre. Når dette systemet vert utsett for stigande overbefolkning og energikrise, er risikoen stor for ein dominoeffekt som vil føre vår industrielle sivilisasjon til kollaps. Les Roberto Vacca: The Coming Dark Age. 


Norsk oljeutvinning ned 9% i 2005

March 20, 2006

Oljeutvinninga gjekk ned med 9% i fjor. Sidan 2001 er nedgongen i oljevolum 20%.

Den totale utvinninga av olje og gass gjekk også ned, frå 264 til 257,2 mill kbm o.e. Den vil nå ein ny topp i 2008, men deretter vil utvinninga gå mot null.

Det sentrale her er nedgongen i oljeutvinninga, fordi olje (bensin og diesel) er eit sentralt drivmiddel for fly, bilar, båtar, traktorar. Den kan ikkje bytast ut med gass i det tidsperspektivet som er aktuelt ( 15 – 20 år).


Den smarte gjer livet enkelt

March 15, 2006

Vår sivilisasjon er komen dit den er på grunn av kreativitet og evne til å nytte akkumulert kunnskap. For alle vekslande problem er det til alle tider leita etter løysinger. Eit av homo sapiens sine kjennemerke er evna til å skape verkty og teknologi som kan hjelpe oss på måtar, medteke medisin og våpen.

Spørsmålet som er viktig nå, er om det kan bli “too much of a good thing”.
- Når kraftkrise melder seg, ropar alle på meir kraft.
- Når det skje bilulukker, ropar alle på meir veg.
- Når fleire får livsstilsjukdomer, ropar alle på meir pengar til sjukehus.

Kvar finst tankar om alternative løysingmåtar? Norsk-amerikanaren Eric Sevareid påsto at løysingar skapar problem. (“The chief cause of problems are solutions“). Engelskmannen John Sparrow skriv om Too Much of a Good Thing.(1977). Det gjeld også teknologi og andre løsyingar.

Den smarte ser, at det om ti år - kanskje før - vert klårt for majoriteten, at det ikkje er grunnlag for varig vekst. Den smarte omstiller seg mentalt på reduksjon og rasjonering i staden for på vekst. Den smarte girar ned og tek innover seg den krymping av alt som kjem når oljen tek slutt. Den smarte held stille om dette til andre enn “stammen” sin. Dermed skaffar han/ho seg forsprang på dei som framleis spring i motsett retning og ikkje kan kjøpe bil utan elektrisk glasheis og ikkje hytte utan parabol.

 


Saml verkty og vener

March 13, 2006

Ingen som samlar frimerker, pins, Bugatti, Munch eller årgangvin har forstått at oljen vil døy barnlaus før 2025. For ingen av desse objekta vil ha særleg nytte når bensinstasjonane ikkje kan levere nok til alle og rasjonering vert innført. Men kven vil ha ein Munch når det siste kaoset nærmar seg?

Dei ultimate samlarobjekta er verkty og vener. Det kan høyrest

Verkty kan tene både hender og hjerne. Verkty for hendene er alle hjelpemiddel mennesket har tenkt ut og sett i hop for å utføre ei praktisk oppgåve. Helst bør oppgåva vere nyttig. Både tang og traktor er verkty.

Verkty for hjernen er alt som kan hjelpe hjernen til å skaffe mat, hus og klær, jage bort og “outsmart” så mange motstandarar som råd. Noko kan ein samle ved muntleg overlevering. Resten må hentast frå mekaniske kjelder. I mangel av leseapparat og avspelingsutstyr, vil blad, bøker og anna trykt stoff vere dei langsiktig sikraste lagringsmiddel for lærdom og bruksanvisningar.

Samling av vener er verdt eit eige kapittel. Her kjem den kollektive intelligensen inn. Den intelligensen som aukar samarbeidsevna. I postpetro-samfunnet vert samarbeid viktigare enn no og bærebjelken i omgangen med andre.