Lær Liebigs lov

Liebigs minimumslov gjeld for alle organiske kulturar, også for homo sapiens i ein biotop utan transportmiddel. Alle som ynskjer eit brukbart liv etter oljen bør derfor lære Liebigs lov for steinrøysa Norge: Folketalet vert bestemt av matmengda. La denne lova styre prioriteringane dine frå no.

Den som treng innsikt i utviklinga av eit samfunn der det vert for lite mat, kan lese Jared Diamonds forteljing om Påskeøya. Thor Heyerdahl var milevis frå å forstå denne samanhengen.

Dei som budde på Påskeøya hadde lite historiekunnskap. Dei kjende ikkje lagnaden til tidlegare samfunn der folketalet voks utover bæreevna. Mange som lever idag tek heller ikkje til seg slik kunnskap.

Du som har lese dette veit kva som ventar. Du og dine har ein sjanse til å overleve ved å gå mot straumen.

Leave a Reply