Verda vi kjenner har utvikla seg sakte, med enkelte overraskande krigar, kriser og katastrofer. Etterkvart har fem faktorar utvikla ein skræmande endringsdynamikk for vår sivilisasjon:
- Globaliseringa har skapt ein vev av globale aktørar og aktivitetar som grip inn i kvarande. Dette internasjonale systemet er utsett for lokale samanbrot, enten det er naturkatastrofer, sjukdom, hungersnaud eller krig.
- Teknologien held oppe dei fleste industrielle aktivitetar, kommunikasjon og styringssystem. Små feil kan få store konsekvensar i store nettverk.
- Verdsøkonomien er bygde på forventningar som kan skifte på minutt. Ei global børskrise kan utvikle seg på få timar.
- Media er blitt ein effektiv industri som sel påverknad. Dagens mediakommunikasjon er momentan og kan skape massehysteri snøggare og sterkare enn nokonsinne før.
- Terroristar har potensiale for større og meir spreidde angrep enn før. Ein mann med sverd kunne drepe nokre få, ein mann med atomvåpen kan drepe tusenvis.
Desse faktorane grip inn i kvarandre. I ein krisesituasjon vil dei forsterke kvarandre. Når dette systemet vert utsett for stigande overbefolkning og energikrise, er risikoen stor for ein dominoeffekt som vil føre vår industrielle sivilisasjon til kollaps. Les Roberto Vacca: The Coming Dark Age.