Fem beredskapstiltak

Risikoen knytt til utvikling av ei energikrise saman med andre fårefaktorar skaper behov for mottiltak. Gløym hamstring og start med fem tiltak som er plyndringssikre og sentrale:

Legg om til enkel livsstil
Det gjeld å tilpasse innsats og forbruk gradvis til den situasjonen som vil oppstå når den konvensjonelle, rimelege oljen tek slutt og mange må slåss om reduserte ressursar.

Pass helsa
Det offentlege helse- og trygdesystemet vil vere mellom det første som sviktar når oljen tek slutt. Den som driv privat helserøkt og skaffar seg privat tilgong på medisinsk hjelp, kan få eit betre liv når krisa startar.

Lær sjølberging
Praktisk evne til å skaffe mat,  reparere hus, produsere klær og yte motstand mot angrep er viktig.

Lær borna praktisk arbeid
Teori og kultur vil misse verdien når oljedauden overraskar oss. Evne til å utføre praktisk arbeid vil vere livsnødvendig for dei som vil vekse opp. Derfor er det lurt å lære barn praktisk arbeid.

Bygg alliansar
Lokale grupper med felles mål og meining og med sans for samarbeid, er nødvendig grunnlag for å meistre presset frå verda rundt.

Leave a Reply