Norsk oljeutvinning ned 9% i 2005
Oljeutvinninga gjekk ned med 9% i fjor. Sidan 2001 er nedgongen i oljevolum 20%.
Den totale utvinninga av olje og gass gjekk også ned, frå 264 til 257,2 mill kbm o.e. Den vil nå ein ny topp i 2008, men deretter vil utvinninga gå mot null.
Det sentrale her er nedgongen i oljeutvinninga, fordi olje (bensin og diesel) er eit sentralt drivmiddel for fly, bilar, båtar, traktorar. Den kan ikkje bytast ut med gass i det tidsperspektivet som er aktuelt ( 15 - 20 år).