Oljeinntekta vert oppfatta som vår generasjons lottogevinst. Derfor er petroleumsfonddet døypt om til "pensjonsfondet". Vi skal ete og drikke opp pengane før vi døyr.
Gløym oljedirektør Gunnar Berge sin visjon om at aksjeavkastninga skal gje oss evige "oljeinntekter". Når oljen tek slutt stuper aksjekursane mot null og oljeformua er borte. Investeringane vert nemleg styrde av økonomar med lite greie på energikrise og på langsiktig geopolitikk.
Fordi oljeinntektene kjem berre ein gong, finst det berre ein fornuftig bruk av oljepengane. Det er til å investere i framtida for dei som kjem etter oss. Det er å gjere åkeren som skal gje oss mat litt større. Det er å investere i framtida:
- Promotere sparing og forenkling av livsstil, sikre beredskap og samhandling.
- Utvikle fornybar energi som kan hjelpe etterslekta å overleve.
- Redusere folketalet i Norge slik at det vert balanse mellom mat og munnar.
Dessverre er det lita von om at dagens demokrati skal tenkje langsiktig. Derfor er det viktig å sikre framtida for seg og sine utan å rekne med utbetaling frå pensjonsfondet.