Frys ut late og/eller grådige stammemedlemer

I framtidas livbåt kjem humanisme og liberalisme under sterkt press. Sosiale tiltak vert knytta til eigen stamme. Men også i eigen stamme må det kjempast for oppslutning og innsats om felles tiltak.

Solidaritet og stammekjensle vil bli grunnlaget for støttetiltak og hjelp til dei svake. Retten kan aldri bli større enn plikta. Derfor må stammereglane innehalde mottiltak mot late og/eller grådige stammemedlemer.

I Stammelova kjem dette til uttrykk i den positive regelen:

Stammen skal hjelpe dei som gjer sitt beste og nøyer seg med det nødvendige.

Konsekvensen er at stammen ikkje bør vere snill mot dei som ikkje gjer sitt beste (dei late) og heller ikkje mot dei som er grådige og tek for seg på andre sin kostnad.

I ei verd med avgrensa ressursar vil storparten av Røkke sin rikdom og av Fredriksen si formue være henta frå fellesarven. Det er nemleg rimeleg energi som kløktige folk har makta å skape mekaniske trælar av, som har skapt storparten av det overskotet som har gjort mange rike.

Når oljen tek slutt vert vi nødt til å fryse ut late og/eller grådige stammemedlemer.

Leave a Reply