Start ein fornuftsepidemi for å redusere folketalet

May 12, 2006

Det er dramatisk stor risiko for at verdssamfunnet

  • overvurderer tida som vil gå før høg oljepris og veksande folketal skapar aggressive taparar og med det krig og terror, og
  • undervurderer tida som må til for å utvikle ny energi. 

Det er derfor stor risiko for at oljen vil ta slutt utan at nokon finn ei ny "sareptas krukke".

Utan olje vil folketalet på jorda måtte ned mot nivået før oljen ga livsgrunnlag for den folkemengda vi kjenner idag. Eit enkelt anslag er 2 milliardar på jorda og 2 millionar i Norge.

Det finst berre to måtar at folketalet kan gå ned på: frivillig, ved å gå ned på eitt barn per kvinne og tvangsmessig gjennom svolt, sjukdom, krig og ulukker.

For Norge kan resepten vere å redusere fertiliteten og forsvare landet mot innvandring og angrep. Det står opent om det er råd å starte ein slik ålmenn fornuftsepidemi som kan føre folketalet i Norge nedover. I alle tilfeller må vi vere førebudde på å forsvare norsk territorium og norsk mat.

Få har nok tverrfagleg innsikt til å forstå dette. Og for dei som har forstått er utsiktene for dramatiske til å snakke og skrive om.


Boikott butikkar med 99-prisar

May 8, 2006

Butikkane er ute etter pengane dine. Eit av dei sleipaste psykologiske våpna er alle 99-prisane: 29,50, 49,50, 99, 398, 9990 kroner.

Slike knep bør møtast med kritikk og helst boikott. Butikkar som systematisk brukar 99-prisar signaliserar at dei går inn for å få deg til å velje varer på eit grunnlag som ikkje er forankra i fornuft.

Den som ikkje vil boikotte, kan i det minste gje uttrykk for misnøye. Kassapersonalet, som er uskuldig, må kunne tåle spørsmålet:

Kvifor brukar de så mange prisar som endar på 99 eller 999?

Dersom det ikkje kjem eit ærleg svar, kan du hjelpe på gli:

Det er vel fordi de vil lure oss til å tru at varene er rimelegare enn dei verkeleg er. Hels sjefen din og fortel han/ho er feig som brukar slike dumme knep.


Kva som rører meg!

May 5, 2006

Korkje krig, eller internasjonal våpenhandel, eller statsterrorisme, eller fjernsynsprogrammet, eller milliardane til ein arabisk oljepotentat, eller generalstaben til ein søramerikanske hær, eller den russiske mafia, eller pornoindustrien, eller CIA, eller hanskediplomatiet, eller forskrudde sekter, eller partifunksjonærar, eller dei kvite sin arroganse, eller korrupsjonen til stammefyrstane, eller etniske rensingar, eller pressesensur, eller kapitalisme, eller kommunisme, eller kapitalisme, eller imperialisme, eller nyliberalisme, eller fasime, eller rassime eller noko anna av det vonde i det 20. århundre, har gjort større skade og øydelegging, enn menneska si elendige likesæle og tiltaksløyse. Sergio Vesely (spansk diktar)


Stem Frpest!

May 4, 2006

Når det gjeld norsk overleving etter oljen, har politikarane to hovedutfordringar:

  • å spare på oljeutvinninga no slik at Norge kan vere sjøforsynt så lenge som råd
  • å bremse på tilflytting til Norge og på utvikling av etniske konfliktar.

SV er det partiet som sterkast går inn for å spare på oljen. Men til gjengjeld er SV det partiet som er mest liberalt på å sleppe folk med annan kultur inn i landet og la dei få leve her utan integrering.

Frp vil ha maksimal oljeutvinning, på linje med Ap og Høgre. Men Frp er mest restriktivt på innvandring og stiller størst krav til integrering og assimilasjon i norsk kultur av dei som kjem frå framande kulturar.

I valet mellom pest og kolera vert derfor rådet: Stem Frpest.