Boikott butikkar med 99-prisar

Butikkane er ute etter pengane dine. Eit av dei sleipaste psykologiske våpna er alle 99-prisane: 29,50, 49,50, 99, 398, 9990 kroner.

Slike knep bør møtast med kritikk og helst boikott. Butikkar som systematisk brukar 99-prisar signaliserar at dei går inn for å få deg til å velje varer på eit grunnlag som ikkje er forankra i fornuft.

Den som ikkje vil boikotte, kan i det minste gje uttrykk for misnøye. Kassapersonalet, som er uskuldig, må kunne tåle spørsmålet:

Kvifor brukar de så mange prisar som endar på 99 eller 999?

Dersom det ikkje kjem eit ærleg svar, kan du hjelpe på gli:

Det er vel fordi de vil lure oss til å tru at varene er rimelegare enn dei verkeleg er. Hels sjefen din og fortel han/ho er feig som brukar slike dumme knep.

Leave a Reply