Ta omsyn til den komande verdskrisa, men hald kjeft om den

August 7, 2006

All samfunnsdebatt i dag overser eit grunnleggjande faktum: Alle land på jorda er dramatisk overbefolka og vil om 15 -25 år oppleve stigande naud og krig.  Det lever idag 6.333 millionar menneske på jorda. Alle desse, også dei som idag lever godt, ynskjer seg eit bedre liv. “Eit betre liv” vil for alle desse omfatte større materiellt forbruk. Det gjeld ikkje berre for fattige, men for dei som idag lever i luksus. Dei som har ein fin bil ynskjer seg som regel ein større og finare bil og/eller fleire bilar. Dei som har rikeleg med klær ynskjer seg nye og finare klær. Og dei få idealistane som meiner dei har nok, ynskjer større materielt forbruk for andre, ofte mange millionar andre. Større materielt forbruk betyr alltid meir energiforbruk. Alle ting krev energi for produksjon, transport, oppbevaring, drift, vedlikehald og destruksjon  Det betyr at 6,333 millionar no er med på å auke energiforbruket i verda. Dessuten kjem det årleg 70 millionar nye munnar å mette, huse, kle, reparere og underhalde. Den totale energitilgongen er derimot i ferd med å flate ut og gå nedover. Når oljen og gassen tek slutt, vil konsekvensen av dette kome til syne: matmangel og kamp om ressursane. Det nyttar ikkje å vere engasjert i samfunnsdebatten uten å ta omsyn til dette. Men det nyttar heller ikkje å servere dette usminka i ein debatt. Derfor vert det ein balansegang, for å ta omsyn til den komande verdskrisa utan å utbasunere den. Tyskaren Manfred Wöhlcke skreiv i 1999 boka Das Ende der Zivilisation,  men valde å skrive den som (svart) humorbok for å få den utgjeven.