March 26, 2007
Bruk ikkje tid på å diskutere problem med folk som ikkje ser problema og som ikkje vil sjå problema. Eit enkelt spørsmål gjev lett å sile ut kven som har forstått trugsmålet som tømminga av oljen betyr.
Spør: Kor mange nordmenn kan overleve på norsk mat når oljen tek slutt? Svaret eller måten det vert svara på vil avsløre både grunnhaldning til den usikre framtida og faktisk kunnskap om den. Du vil oppleve at minst 99 av 100 sporar av eller svarar feil, enkelte fordi dei ikkje forstår spørsmålet eller fordi dei innbiller seg at framtida er langt tryggare enn det realitetane fortel.
Berre dei få som reagerar intelligent er det verdt å diskutere med. Og eit intelligent svar er innom sjølbergingsgraden og spørsmålet om drivstoff for traktorar, lastebilar og båtar. Tips: kor mange kunne Norge brødfø før vi fekk traktorar og kunsgjødsel?
Leave a Comment » |
Framtidsvisjonar |
Permalink
Posted by stammendin
March 26, 2007
Dei som har forstått konsekvensane av auka folketal og auka forbruk på den eine sida, og energimangel og klimaendringar, pandemiar etc. etc. på den andre, kan lett bli frustrert over nordmenn som ikke har forstått dette. Personar som burde, men ikkje kan eller vil forstå kva vi går imøte, kan verke irriterande overfladiske. Dei står som ein barriere mot den store folkeoppklåringa.
Men med litt ettertanke, serleg rundt risikoen for at folkeoppklåring går over i folkehysteri, kan slike optimistiske profetar godt reknast som nyttige idiotar.
Professorar og politikarar som anten er optimistar eller nøytrale det-går-nok-bra-folk hjelper til med å hindre ålment kaos.
Slik folkeopplysninga rundt overgangen frå dagens paradis til postpetro-helvetet, gjev dei bevisst tid til mental utvikling, organisering og praktisk beredskap. Det kan sikre dei beviste den nødvendige marginen når eit eller anna får den labile velferden til å kippe over i kaos.
Leave a Comment » |
Framtidsvisjonar |
Permalink
Posted by stammendin
March 26, 2007
Det skal god rygg til å tåle gode dagar. Først fekk Norge egaliseringa. Så fekk den vasskrafta. Deretter oljekrafta. No venter gasskrafta. To generasjonar nordkvinner og -menn har vakse opp på stigande konjunktur, med rimeleg energi til å subsidiere lediggong og sløsing.
Når energikrisa slår til om nokre år, vil den råke 4,5 millionar bortskjemde og sløve optimistar som trur oljerikdomen skal vare evig og gje oss ei sorglaus framtid. Dei få nordmenn som ser ei anna framtid er enten redd for å varsle om den eller held egoistisk inne med sin innsikt.
Ta ein halvtime i veka og sjekk nokre nettstader eller nyhetssøk med kritisk informasjon. Lag deg ei samling av søkjeord som går til sentrale knutepunkt på webben. For mentalhygienen si skuld: ha minst ein kontakt som deler di interesse for framtida og som er så robust og reflektert, at dårlege meldingar vert oppfatta som ein konkurransefordel.
Leave a Comment » |
Framtidsvisjonar, Råd |
Permalink
Posted by stammendin