"Oljedauen" vil bryte ned mange av dei organisasjoner og strukturar som eksisterar idag. Dette saman med den sosiale interaksjonen som krevst for å førebu overgangen stiller krav om planlegging av nye alliansar og lag. Formelle og uformelle samanslutningar av personer som deler ei interesse og eit mål.
US-indianaren Vine Deloria jr. har profetert at berre stammar vil overleve. Kva som ligg i "stamme" vert teke opp ein annan stad. Her rekk det å leggje vekt på utviklinga av grasrotorganisasjonar som middel for å sikre vidare sivilisasjon når den nåverande bryt saman i energi- og befolkningskrisa.
På denne sida vert det presentert ei rekkje tenkte samanslutningar med ulike føremål og ulik struktur. Det skal understrekast at dei som er nemnde her ikkje finst og kanskje heller ikke kjem til å bli stifta i den form som er presentert her.
STAMMEFORBUNDET
Det er naturleg å start med STAMMEFORBUNDET, ei tenkt nasjonal samanslutning av lokale, kanskje kommunale, stammar. I 2050 kan STAMMEFORBUNDET kome til å vere vårt lokale, interne FN. Utan olje vil det vere lite grunnlag for å vidareføre det kostbare samfunnsapparatet som har esa ut no.
NABOLAGET
Basisalliansen for utviklingen av samfunnet etter oljen er NABOLAGET. Det er den formelle eller uformelle samanslutning i geografisk avgrensa grupper på 5 – 150 (maksimalt 500) personar. NABOLAGET organiserar personar med felles grunnsyn, felles kultur og nok kollektiv intelligens til å stå samla mot ytre påtrykk. Fleire nabolag kan samarbeide i KOMMUNAR.
NETTVERK FOR NORSK PUBLISERING
Dette er ein organisasjon av språksterke pensjonistar og andre som innser at mykje god faglitteratur aldri kjem til Norge. Det kan vere bøker, artiklar og meiningsytringar. Dei overset aktuelle tekster på dugnad og legg dei ut på Internett til nytte for interesserte. Dei prioriterar litteratur som gjeld organisering og drift av det oljelause Norge.
HJERNELAUGET
E-postbasert nettverk av dei beste og mest røynde problemløysarane i landet. Her er ikkje plass for teoretikarar, byråkratar og opportunistar. HJERNELAUGET kan ta på seg større utviklingsoppgåver enn noko føretak eller offentlig institusjon. Typisk medlem: moden fagperson med lang er faring og motivasjon for fjernarbeid i grupper.
NORGESPARTIET
Landet treng eit parti som arbeider for å sikre norsk sivilisasjon etter oljealderen. Det bør byggjast opp frå grasrota, først på kommuneplan. Partiet kan markere seg i kommunestyra med eit sterkt lokalptriotisk program, men treng ikkje sikte mot Stortinget. Hovudpostar:
- sterkt invasjonsforsvar
- enkel livsstil
- kamp mot overbefolkning
TRIADELEGANE
Nettverk av legar med eit triadereglement for krisa ved slutten av oljealderen. Målet er at så mange nordmenn som råd skal overleve utan olje. Det kan skje ved å prioritere hjelp til persongrupper som kan samarbeide og skape verdiar. Det tyder at helsekøane vert sortert etter fellesnytten meir enn etter individnytten.
MAT OG VÅPEN (MOV-grupper)
Lokale grupper som planlegg korleis dei skal sikre matvarelager og andre viktige lager mot angrep og plyndring når oljekrisa vert akutt.