Engletull og englevet

August 12, 2007

Sju poeng å ta med

  • Norske media har inntekt og overlevelse som viktigaste mål. Derfor rapporterer dei om kongelege engledamer.
  • Dersom dei kritiserar engletru først no, har dei sove i timen i tusen år
  • Gudar (Jahve, Allah og fleire), englar og sataner er fysisk sett sprøyt.
  • Personar som trur på noko har ofte lettare for å skape sterke og motstandsdyktige grupper enn andre.
  • Religiøs legning er truleg knytta til eit overlevelsesgen.
  • Tru kan flytte berg og gjere enkelte sjuke friske.
  • Ein stamme kan ha fordel av felles rasjonelle forestillingar om oversanselege tilhøve.

To tips for kommunevalet

August 11, 2007
  • Offentleg tilsette vil vere litt meir positive til å utvide offentleg sektor og auke skattar og avgifter enn kandidatar frå næringslivet. Kandidatar som arbeider i privat sektor vil være litt meir ansvarsbevisst med andre sine pengar og styre meir effektivt, utan møter og møter, enn folk frå offentleg sektor.
  • Parti og ideologiar som er positive til flyktningstraum og masseinnvandring, er fårlege for landet og kommunene. Dei tenkjer ikkje over at Norge alt er overbefolka i høve til sjølberging.

Ver på vakt mot den hemmelege makt

April 3, 2006

Ei ny bok er komen ut i mars 2006: Makten bak makten av Per-Aslak Ertresvåg. Den fortel om hemmelege maktstrukturar med verdsherredøme som mål. Du finn den i bokhandelen, for eksempel hos Haugen Bok.

Ertresvåg fortel om grupper som manipulerar og styrer utan at det er kjent. Det er grunn til å tru at desse maktgruppene også veit, at når oljen tek slutt, vil mange måtte døy. (Dei som har gode nervar bør lese om Eric R. Pianka og hans forslag om å la to av tre menneske på jorda døy for at resten skal kunne overleve.).

I Ertresvåg si bok vil du finne  tips om kven du bør ha i kikkerten som potensiell fiende.

PS Ikkje fortel nokon om det Ertresvåg og Pianka skriv.


The oil is going!

March 23, 2006

Her er eit journalistisk møte med US-anarar som førebur overgang til eit oljelaus liv. “I think that a lot of people have their head in the sand about this” er eit sitat.


Norsk oljeutvinning ned 9% i 2005

March 20, 2006

Oljeutvinninga gjekk ned med 9% i fjor. Sidan 2001 er nedgongen i oljevolum 20%.

Den totale utvinninga av olje og gass gjekk også ned, frå 264 til 257,2 mill kbm o.e. Den vil nå ein ny topp i 2008, men deretter vil utvinninga gå mot null.

Det sentrale her er nedgongen i oljeutvinninga, fordi olje (bensin og diesel) er eit sentralt drivmiddel for fly, bilar, båtar, traktorar. Den kan ikkje bytast ut med gass i det tidsperspektivet som er aktuelt ( 15 – 20 år).


Lovelock: Mat for ein milliard

March 12, 2006

A-magasinet hadde 10. mars intevju med “planetlegen” James Lovelock (www.ecolo.org/lovelock/lovedeten.htm). Han profeterer ein Catch 22-situasjon: Issmeltinga i Arktis vert forsterka av utslepp samtidig som den vert bremsa av dei partiklane som vi sender ut i atmosfæren (“dimming”). Maktar vi å redusere utsleppa, fell partiklane til jorda og åpnar for sterkare solstråling. Fortset vi å generere utslepp fører også det til nedsmelting. Og nedsmelting reduserer landarealet som kan nyttast til matdyrking.

Lovelock er positiv til bygging av atomkraftverk som ein overgong til andre og varige energiformer.

Fleire ferske moment frå Lovelock finn du her.

Lovelock:

- Med vår nåværende levestandard tviler jeg på om planeten kan forsørge mer enn én milliard.

- I 2020 vil oljen være så dyr at de færreste vil ha råd til den.