To tips for kommunevalet

August 11, 2007
  • Offentleg tilsette vil vere litt meir positive til å utvide offentleg sektor og auke skattar og avgifter enn kandidatar frå næringslivet. Kandidatar som arbeider i privat sektor vil være litt meir ansvarsbevisst med andre sine pengar og styre meir effektivt, utan møter og møter, enn folk frå offentleg sektor.
  • Parti og ideologiar som er positive til flyktningstraum og masseinnvandring, er fårlege for landet og kommunene. Dei tenkjer ikkje over at Norge alt er overbefolka i høve til sjølberging.

Norsk umoral 3x

August 10, 2007

Det er dårleg moral å hjelpe flyktningar i rådyre Norge, når ein kunne hjelpt ti gonger så mange i området dei kom frå.

Flyktningstraumen skader våre eigne svake først og mest. Derfor er  det umoralsk av dei sterke og rike å medverke til folkeauke i Norge. Når dette først skjer, er det greitt at makteliten og dei etnisk framande deler Oslo-gryta når oljedauden tek til.

Den største umoralen ligg i at I-landa har hjelpt U-landa til å auke folketalet på stigande oljetilgong. Dermed vil krisa bli maksimal når oljen om 20 – 30 år tek slutt og folketalet på jorda må ned.

Skreiv nokon ei bok om Den arrogante humanismen?


Ta omsyn til den komande verdskrisa, men hald kjeft om den

August 7, 2006

All samfunnsdebatt i dag overser eit grunnleggjande faktum: Alle land på jorda er dramatisk overbefolka og vil om 15 -25 år oppleve stigande naud og krig.  Det lever idag 6.333 millionar menneske på jorda. Alle desse, også dei som idag lever godt, ynskjer seg eit bedre liv. “Eit betre liv” vil for alle desse omfatte større materiellt forbruk. Det gjeld ikkje berre for fattige, men for dei som idag lever i luksus. Dei som har ein fin bil ynskjer seg som regel ein større og finare bil og/eller fleire bilar. Dei som har rikeleg med klær ynskjer seg nye og finare klær. Og dei få idealistane som meiner dei har nok, ynskjer større materielt forbruk for andre, ofte mange millionar andre. Større materielt forbruk betyr alltid meir energiforbruk. Alle ting krev energi for produksjon, transport, oppbevaring, drift, vedlikehald og destruksjon  Det betyr at 6,333 millionar no er med på å auke energiforbruket i verda. Dessuten kjem det årleg 70 millionar nye munnar å mette, huse, kle, reparere og underhalde. Den totale energitilgongen er derimot i ferd med å flate ut og gå nedover. Når oljen og gassen tek slutt, vil konsekvensen av dette kome til syne: matmangel og kamp om ressursane. Det nyttar ikkje å vere engasjert i samfunnsdebatten uten å ta omsyn til dette. Men det nyttar heller ikkje å servere dette usminka i ein debatt. Derfor vert det ein balansegang, for å ta omsyn til den komande verdskrisa utan å utbasunere den. Tyskaren Manfred Wöhlcke skreiv i 1999 boka Das Ende der Zivilisation,  men valde å skrive den som (svart) humorbok for å få den utgjeven.


Start ein fornuftsepidemi for å redusere folketalet

May 12, 2006

Det er dramatisk stor risiko for at verdssamfunnet

  • overvurderer tida som vil gå før høg oljepris og veksande folketal skapar aggressive taparar og med det krig og terror, og
  • undervurderer tida som må til for å utvikle ny energi. 

Det er derfor stor risiko for at oljen vil ta slutt utan at nokon finn ei ny "sareptas krukke".

Utan olje vil folketalet på jorda måtte ned mot nivået før oljen ga livsgrunnlag for den folkemengda vi kjenner idag. Eit enkelt anslag er 2 milliardar på jorda og 2 millionar i Norge.

Det finst berre to måtar at folketalet kan gå ned på: frivillig, ved å gå ned på eitt barn per kvinne og tvangsmessig gjennom svolt, sjukdom, krig og ulukker.

For Norge kan resepten vere å redusere fertiliteten og forsvare landet mot innvandring og angrep. Det står opent om det er råd å starte ein slik ålmenn fornuftsepidemi som kan føre folketalet i Norge nedover. I alle tilfeller må vi vere førebudde på å forsvare norsk territorium og norsk mat.

Få har nok tverrfagleg innsikt til å forstå dette. Og for dei som har forstått er utsiktene for dramatiske til å snakke og skrive om.


Kva som rører meg!

May 5, 2006

Korkje krig, eller internasjonal våpenhandel, eller statsterrorisme, eller fjernsynsprogrammet, eller milliardane til ein arabisk oljepotentat, eller generalstaben til ein søramerikanske hær, eller den russiske mafia, eller pornoindustrien, eller CIA, eller hanskediplomatiet, eller forskrudde sekter, eller partifunksjonærar, eller dei kvite sin arroganse, eller korrupsjonen til stammefyrstane, eller etniske rensingar, eller pressesensur, eller kapitalisme, eller kommunisme, eller kapitalisme, eller imperialisme, eller nyliberalisme, eller fasime, eller rassime eller noko anna av det vonde i det 20. århundre, har gjort større skade og øydelegging, enn menneska si elendige likesæle og tiltaksløyse. Sergio Vesely (spansk diktar)


Ti grupper, ti spørsmål om det oljelause Norge

March 29, 2006

For å finne ut kvar folk står, er det greitt å stille nokre kontrollspørsmål om framtida. Her er ti persongrupper og eit sprøsmål til kvar av dei:

  1. Nabo  Kor mange nordmenn kan leve av det vi avlar, fiskar og skyt i landet?
  2. Journalist Kvifor vert det ikkje laga fleire scenarier om tida etter oljen?
  3. Kommunestyrepolitikar  Kor mange kan kommunen brødfø utan olje?
  4. Ingeniør Kva for energiform er aktuell for drift av bilar etter oljen?
  5. Økonom Korleis kan marknaden (folk flest) vite kva som er rett omstilling?
  6. Bonde Kva har han/ho tenkt å dyrke utan traktor?

  7. Jurist  Korleis kan vi sikre oss mot offentleg konfiskering i ei krisetid?

  8. Stortingsrepresentant Kor lenge vil Norge produsere nok olje til eige bruk?

  9. Lærar Korleis bør skulen førebu elevane på tida etter oljen?

  10. Militær Korleis skal Norge forsvare seg når svenskane vil ha tak i oljen vår?


Lit ikkje på oljefondet

March 27, 2006

Oljeinntekta vert oppfatta som vår generasjons lottogevinst. Derfor er petroleumsfonddet døypt om til "pensjonsfondet". Vi skal ete og drikke opp pengane før vi døyr.

Gløym oljedirektør Gunnar Berge sin visjon om at aksjeavkastninga skal gje oss evige "oljeinntekter". Når oljen tek slutt stuper aksjekursane mot null og oljeformua er borte. Investeringane vert nemleg styrde av økonomar med lite greie på energikrise og på langsiktig geopolitikk.

Fordi oljeinntektene kjem berre ein gong, finst det berre ein fornuftig bruk av oljepengane. Det er til å investere i framtida for dei som kjem etter oss. Det er å gjere åkeren som skal gje oss mat litt større. Det er å investere i framtida:

  1. Promotere sparing og forenkling av livsstil, sikre beredskap og samhandling.
  2. Utvikle fornybar energi som kan hjelpe etterslekta å overleve.
  3. Redusere folketalet i Norge slik at det vert balanse mellom mat og munnar.

Dessverre er det lita von om at dagens demokrati skal tenkje langsiktig. Derfor er det viktig å sikre framtida for seg og sine utan å rekne med utbetaling frå pensjonsfondet.


Berre stammar vil overleve

February 21, 2006

Om korte femten år – i 2020 – er norsk olje i ferd med å ta slutt og verda har 1.000.000.000 fleire munnar å mette. Den som ikkje har gøymt seg då får stå.

Fleire har forstått dette og mange har laga råd og forvarsel. Ein ting er sikkert: I ei verd utan olje står individualisten og enkeltmennesket svakt. US-indianaren Vine Deloria jr. har formulert eit klårt varsel: Berre stammar vil overleve. (Tysk bok: Nur Stämme werden überleben).

Dette gjev signal om at dei med høgst kollektiv intelligens (evne til samarbeid) vil ha størst sjanse til å overleve oljealderen.