Likesinna individ maksimerar sjansen for å overleve ved å lage alliansar. (Einskap er styrke), som konkurrerar med stigande hat etter kvart som dei ettertrakta resursane vert tømde og talet på personar som treng desse resursane stig. Dette skriv briten William Stanton i boka The Rapid Growth of Human Populations 1750 – 2000 frå 2003.
To tips for kommunevalet
August 11, 2007- Offentleg tilsette vil vere litt meir positive til å utvide offentleg sektor og auke skattar og avgifter enn kandidatar frå næringslivet. Kandidatar som arbeider i privat sektor vil være litt meir ansvarsbevisst med andre sine pengar og styre meir effektivt, utan møter og møter, enn folk frå offentleg sektor.
- Parti og ideologiar som er positive til flyktningstraum og masseinnvandring, er fårlege for landet og kommunene. Dei tenkjer ikkje over at Norge alt er overbefolka i høve til sjølberging.
Høvdingmerke
August 8, 2007Den legendære Chrysler-sjefen Lee Iacocca kom i vår med ny bok, over 80 år gamal. I Where Have all The Leaders gone? kritiserar han dagens US-leiarelite, president Bush medrekna, nord og ned. Iacocca stiller sine ni krav til leiarar, som vi kan stille til høvdingar i det framtidig stammesamfunn:
vitelyst (curiosity)
kreativitet (creativity)
kommunikasjonsevne (communicate)
karakter (character)
mot (courage)
overbevisning (conviction)
karisma (charisma)
kunnskap (competent)
folkevett (common sense)
Dette kan også vere krav til dei som skal vere høvdingar i dagens kommune-Norge.
Tren ryggen i gode dagar
March 26, 2007Det skal god rygg til å tåle gode dagar. Først fekk Norge egaliseringa. Så fekk den vasskrafta. Deretter oljekrafta. No venter gasskrafta. To generasjonar nordkvinner og -menn har vakse opp på stigande konjunktur, med rimeleg energi til å subsidiere lediggong og sløsing.
Når energikrisa slår til om nokre år, vil den råke 4,5 millionar bortskjemde og sløve optimistar som trur oljerikdomen skal vare evig og gje oss ei sorglaus framtid. Dei få nordmenn som ser ei anna framtid er enten redd for å varsle om den eller held egoistisk inne med sin innsikt.
Ta ein halvtime i veka og sjekk nokre nettstader eller nyhetssøk med kritisk informasjon. Lag deg ei samling av søkjeord som går til sentrale knutepunkt på webben. For mentalhygienen si skuld: ha minst ein kontakt som deler di interesse for framtida og som er så robust og reflektert, at dårlege meldingar vert oppfatta som ein konkurransefordel.
Bo nær energien
November 20, 2006Eit enkelt råd når det gjeld tilpasning til tida etter oljen:
Flytt slik at du ikkje bur for langt frå ein fornybar energiressurs. I praksis betyr det ein skog, eit kraftverk (fossefall), eit vindmølleområde eller ein tidevasstraum. Prioriter energikjelder som kan utnyttes “low tech”.
Survival recipe
June 6, 2006Mat for ein månad
Ved for eit år
Handlag for ein mannsalder
Verkty for eit liv
Krut for hundre år
Åker for tusen år
Nabolag for alltid
Boikott butikkar med 99-prisar
May 8, 2006Butikkane er ute etter pengane dine. Eit av dei sleipaste psykologiske våpna er alle 99-prisane: 29,50, 49,50, 99, 398, 9990 kroner.
Slike knep bør møtast med kritikk og helst boikott. Butikkar som systematisk brukar 99-prisar signaliserar at dei går inn for å få deg til å velje varer på eit grunnlag som ikkje er forankra i fornuft.
Den som ikkje vil boikotte, kan i det minste gje uttrykk for misnøye. Kassapersonalet, som er uskuldig, må kunne tåle spørsmålet:
Kvifor brukar de så mange prisar som endar på 99 eller 999?
Dersom det ikkje kjem eit ærleg svar, kan du hjelpe på gli:
Det er vel fordi de vil lure oss til å tru at varene er rimelegare enn dei verkeleg er. Hels sjefen din og fortel han/ho er feig som brukar slike dumme knep.
Stem Frpest!
May 4, 2006Når det gjeld norsk overleving etter oljen, har politikarane to hovedutfordringar:
- å spare på oljeutvinninga no slik at Norge kan vere sjøforsynt så lenge som råd
- å bremse på tilflytting til Norge og på utvikling av etniske konfliktar.
SV er det partiet som sterkast går inn for å spare på oljen. Men til gjengjeld er SV det partiet som er mest liberalt på å sleppe folk med annan kultur inn i landet og la dei få leve her utan integrering.
Frp vil ha maksimal oljeutvinning, på linje med Ap og Høgre. Men Frp er mest restriktivt på innvandring og stiller størst krav til integrering og assimilasjon i norsk kultur av dei som kjem frå framande kulturar.
I valet mellom pest og kolera vert derfor rådet: Stem Frpest.
Seks førevar-råd
April 25, 2006Du kan ikkje rekne med å få serleg aksept for påstanden om at oljen vil ta slutt om 15 – 20 år og at det vil føre Norge ut i krise og kaos. Derfor er det liten grunn til å bli emissær og upopulær med stempel som pessimist. Men du kan informere dei få som forstår skrifta på veggen og tenkje optimistisk og konstruktivt saman med dei:
- saml likesinna
- driv mental styrkebygging
- saml hjelpemiddel, serleg manuelle
- lær "survival"
- tenk vern mot angrep
- krymp energiforbruket
Bry deg ikkje om å "slenge med leppa". (Fortel ikkje kven som helst om denne bloggen.) La din innsikt og di planlegging skape styrke og optimisme.
Frys ut late og/eller grådige stammemedlemer
April 7, 2006I framtidas livbåt kjem humanisme og liberalisme under sterkt press. Sosiale tiltak vert knytta til eigen stamme. Men også i eigen stamme må det kjempast for oppslutning og innsats om felles tiltak.
Solidaritet og stammekjensle vil bli grunnlaget for støttetiltak og hjelp til dei svake. Retten kan aldri bli større enn plikta. Derfor må stammereglane innehalde mottiltak mot late og/eller grådige stammemedlemer.
I Stammelova kjem dette til uttrykk i den positive regelen:
Stammen skal hjelpe dei som gjer sitt beste og nøyer seg med det nødvendige.
Konsekvensen er at stammen ikkje bør vere snill mot dei som ikkje gjer sitt beste (dei late) og heller ikkje mot dei som er grådige og tek for seg på andre sin kostnad.
I ei verd med avgrensa ressursar vil storparten av Røkke sin rikdom og av Fredriksen si formue være henta frå fellesarven. Det er nemleg rimeleg energi som kløktige folk har makta å skape mekaniske trælar av, som har skapt storparten av det overskotet som har gjort mange rike.
Når oljen tek slutt vert vi nødt til å fryse ut late og/eller grådige stammemedlemer.
Posted by stammendin
Posted by stammendin
Posted by stammendin