Likesinna individ maksimerar sjansen for å overleve ved å lage alliansar. (Einskap er styrke), som konkurrerar med stigande hat etter kvart som dei ettertrakta resursane vert tømde og talet på personar som treng desse resursane stig. Dette skriv briten William Stanton i boka The Rapid Growth of Human Populations 1750 – 2000 frå 2003.
Start ein fornuftsepidemi for å redusere folketalet
May 12, 2006Det er dramatisk stor risiko for at verdssamfunnet
- overvurderer tida som vil gå før høg oljepris og veksande folketal skapar aggressive taparar og med det krig og terror, og
- undervurderer tida som må til for å utvikle ny energi.
Det er derfor stor risiko for at oljen vil ta slutt utan at nokon finn ei ny "sareptas krukke".
Utan olje vil folketalet på jorda måtte ned mot nivået før oljen ga livsgrunnlag for den folkemengda vi kjenner idag. Eit enkelt anslag er 2 milliardar på jorda og 2 millionar i Norge.
Det finst berre to måtar at folketalet kan gå ned på: frivillig, ved å gå ned på eitt barn per kvinne og tvangsmessig gjennom svolt, sjukdom, krig og ulukker.
For Norge kan resepten vere å redusere fertiliteten og forsvare landet mot innvandring og angrep. Det står opent om det er råd å starte ein slik ålmenn fornuftsepidemi som kan føre folketalet i Norge nedover. I alle tilfeller må vi vere førebudde på å forsvare norsk territorium og norsk mat.
Få har nok tverrfagleg innsikt til å forstå dette. Og for dei som har forstått er utsiktene for dramatiske til å snakke og skrive om.
Fred på jord – OCPC/OLPC
April 7, 2006Krig er som regel ein kamp om areal og ressursar. Med 6,5 milliardar munnar som alle vil ha høg levestandard, går vi snart (2020 – 2030) mot ei krise. I den vert folketalet gradvis pressa ned på eit nivå som er tilpassa matproduksjonen. Utan tilgong på olje vil den bli dramatisk redusert. I dag lever vi av oljen.
Dessuten krev fred at skilnaden mellom rik og fattig vert mindre og at alle får høve til å delta i samfunnsliv og arbeid.
Det eksisterar derfor eit verdsscenario som kan gje fred. Det kan formulerast som ein kryptisk fredsformel: OCPC/OLPC.
OCPC tyder "one child per couple". Dette er den einaste humane måten å få ned folketalet og dermed ressursbruken på, slik at jorda har plass og mat til oss.
OLPC tyder "one laptop per child". Den einaste praktiske måten å skape egalitære tilhøve, folkeopplysning og yrkesopplæring for alle på, er å gje alle born i verda ei datamaskin med internettilkobling. Då får alle høve til å lære, utvikle seg og ta del i demokratiet og samfunnslivet.
Slik folkemeininga og politikken i mange land er, er dessverre begge desse tiltaka urealistiske.
Legane si utfordring
April 6, 2006Etterkvart som den tragiske klemma mellom befolkningsveksten og energikrisa festar grepet om fleire og fleire samfunn, vil legane få ei utfordring. Det blir gradvis meir sjukdom enn helsestell. Alt no er det køar og grupper som ikkje får hjelp, til og med i rike Norge.
Når krisa slår til, må sorteringa bli dramatisk. Den kan kome til å skje etter "triage-prinsippet":
- Dei sterkaste får hjelpe seg sjøl
- Dei svakaste får døy
- Dei i midten får hjelp så langt hjelpa rekk og/eller dei kan betale for seg.
Dette vert altså eit sorteringssamfunn, med legane som dørvakt. Det vil dessutan gje legane høve til å tenkje:
- Kven vil kunne vere til størst nytte i ei krise?
- Kva for grupper treng det oljelause samfunnet mest?
- Kven har gjort seg fortent gjennom verdifull innsats?
- Kven bør straffast for svik?
- Kven har skuld i si eiga plage?
Dette scenariet er skræmande, og få legar tenkjer på det. Det bør dei gjere!
Nasjonalpartiet 2017
March 27, 2006Scenario: Før valet i 2017 er bensinprisen komen opp i 50 kroner pr. liter og det er att olje for åtte års full produksjon. Då stiller Nasjonalpartiet til val med dette programmet:
- stans i eksporten av olje og gass
- eigenandeler for behandling livstilssjukdomar
- skattefritak opp til 300.000 i løn
- livsvarig for tredje gongs straff
- tildeling av 500 liter bensin skattefritt pr. borgar
- skattefritt overtidsarbeid
- rasjonering av mat og energi
- arbeid for trygd
- utvisning av 500.000 framandkulturelle
- intelligenstest av alle valkandidatar
- elektronisk merking av kriminelle
- inndraging av norske formuer i utlandet
- sortering av elevar i klassar etter resultat
- borgarrett å forsvare privat eigedom mot plyndring
- premiering av dei sjukdomsfri
- arbeidsplikt for fangar
- premiering av låge barnetal
- nasjonalisering av framande bedrifter
Med dette ekstremt populistiske programmet får Nasjonalpartiet 55% av stemmene og kan starte angrepet mot sosialstaten med demokratiet i ryggen.
Våre to kollektive dilemma
March 9, 2006Ver klår over to grunnvilkår for verda etter oljen:
- det finst inga kollektiv løysing som bergar alle, ikkje ein gong for Norge
- dei som har størst kollektiv intelligens vil overleve best.
Kollektiv løysing: Snart bur fem millionar i Norge. Av desse er kanskje 500.000 aktive med reell verdiskaping, av desse igjen kanskje 200.000 med matproduksjon. Resten er sjuke, uføre, eldre, born, arbeidsledige eller personar sysselsette med administrasjon eller kultur. Alle desse kan ikkje overleve utan tilgang på olje til kunstgjødsel, traktorar og transport. Når oljen tek slutt må nokon enten flytte ut eller bukke under. Det største problemet er at dette ikkje vert oppfatta som eit problem. Derfor nyttar det heller ikkje å tale høgt om det.
Kollektiv intelligens: Individuell beredskap mot energikrisa har liten verdi. Berre gjennom samarbeid og indre lojalitet vil grupper eller stammar ha utsikt til å overleve. Dette kan kallast "kollektiv intelligens". Eit energirikt samfunn kan dyrke humanisme, menneskerettar og utjamning. I eit oljelaust samfunn vert det igjen "survival of the fittest." Derfor kjem ein ny runde med seleksjon, slik at berre dei som kan samarbeide og byggje alliansar overlever. Reality utan kamera.
Det kan vere ein kollektiv intelligenstest å lage sin eigen kollektiv-intelligenstest.
Posted by stammendin
Posted by stammendin
Posted by stammendin