Boikott butikkar med 99-prisar

May 8, 2006

Butikkane er ute etter pengane dine. Eit av dei sleipaste psykologiske våpna er alle 99-prisane: 29,50, 49,50, 99, 398, 9990 kroner.

Slike knep bør møtast med kritikk og helst boikott. Butikkar som systematisk brukar 99-prisar signaliserar at dei går inn for å få deg til å velje varer på eit grunnlag som ikkje er forankra i fornuft.

Den som ikkje vil boikotte, kan i det minste gje uttrykk for misnøye. Kassapersonalet, som er uskuldig, må kunne tåle spørsmålet:

Kvifor brukar de så mange prisar som endar på 99 eller 999?

Dersom det ikkje kjem eit ærleg svar, kan du hjelpe på gli:

Det er vel fordi de vil lure oss til å tru at varene er rimelegare enn dei verkeleg er. Hels sjefen din og fortel han/ho er feig som brukar slike dumme knep.


Flytt frå byområde

March 6, 2006

Stikkordet for å overleve energikrisa er flytting frå byområde. Ein hovudrunn til dette ligg i fødselspolitikken. Mange av dei som ropar høgt om bærekraftig (sustainable) utvikling er minst klar til å innrømme at ingen utvikling kan bli bærekraftig utan slutt på vekst i folketalet.

Få tenkjer over at Norge alt er overbefolka i høve til eigen matproduksjon. Ingen vågar å snakke om at immigrasjon og fødselsoverskot vil forsterke matmangelen når det ikkje lenger er nok diesel til mattransport frå utlandet.

Ingen vågar å krevje begrensning i fødselstalet. Den som tek seg tid til å lese litt av Garrett Hardin, vil fort forstå at det å få mange born ikkje kan vere ein menneskerett. Ikkje ein gong i Norge. Kanskje minst her, fordi vi er avhengige av eit stort “skuggeareal” som vi ikkje kan nytte når oljen vert borte.

I USA er “relocation” løysninga for dei framsynte. I Norge betyr dette å flytte ut av dei mest folketette byområda. Det betyr også flytting bort frå buområde med stort fødselsoverskot.

Først til mølla får først male.


Dyrk stammekjensla di

March 5, 2006

Norge har alltid hatt ulike væremåtar og kulturar side om side, med geografiske skilje. Men dei som har vokse opp i Norge har vore bra samla om ein felles norsk identitet grunnlagt på etnisk bakgrunn (m.a. egalitær haldning, demokratisk sinnelag, lik behandling av kvinner og menn, trusfridom). I dei siste tiåra har fleirkultur vorte positivt slagord for mange. Men kvar av oss kan leve ut berre ein identitet.I krisetida etter oljen vil derfor etnisk pluralisme skape risiko for etniske konfliktar. – Vi liker ikke fremmede skreiv Arnulf Øverland i Har jorden plass til oss? i 1952.  Uansett, når krubba vert tom, bitst hestane.

Dette aukar behovet for lokal identitet som kan vere lim i eit samfunn i motgang.  Stammekjensla vil vere den grunnleggjande byggesteinen for dei som ynsker samling og solidaritet. Den er knytt til vår kollektive intelligens, evna til å samhandle i stille og i storm.


Om framsynte og førevar foreldre

March 1, 2006

Har vi eit ansvar for etterslekta? Naturen gjev oss svaret. Felles for artene rundt oss er genetisk nedarva og sosialt prega omtanke for avkomet. Det finst dyrearter der foreldra ofrar livet for at avkomet skal få vern og føde. Dei artene som ikkje tek vare på avkomet døyr ut.

Mennesket kan ikkje definere seg bort frå dette, ikkje ein gong i ein humanistisk epoke med statsfinansiert sosialvesen. Men når energislavane vert dyre og døyr, gjeld naturens lov også for menneska. Berre dei familiane som tek vare på born og borneborn vil overleve.

Her går det ikkje om politikk, men om “survival of the fittest”. Og det har alltid gjeve forsprang å ha framsynte og førevar foreldre.


Blod er sterkare enn olje

February 28, 2006

Gruppesamhald er grunnlaget for å overleve oljealderen. Derfor er det viktig å bevare slektsband i samsvar med urgamle tradisjonar. Tradisjonsbevaring i balanse med fornying er resept for å vinne når det offentleg velferdssystemet turkar inn med oljen.

Det verdt å merke den austerrikske åtferdsforskaren Konrad Lorenz si 6. dødssynd: Brot med tradisjonane. I boka Sivilisasjonens åtte dødssynder (1974) skriv han:
“En utpreget konservatisme når det gjelder å holde fast ved det som en  gang er prøvd, hører til de livsviktige egenskaper ved det apparat som er tildelt en oppgave i kulturutviklingen.” Dette gjeld serleg i krisetider!

Derfor er målgruppe nummer 1 for vår kommunikasjon og våre førevar-tiltak slekta og serleg etterslekta. Konflikt mellom generasjonar og mellom familiemedlemer er sikker resept på forfall og tap. Stammen din startar ned familien.


Viktige moment for din neste tjueårsplan

February 27, 2006

Om tjue år vil

  • dagens sekstiåring vere 80 (om ho/han lever)
  • dagens 5-åring vere i arbeid (om ho/han vil overleve)
  • jorda ha 1,5 milliard fleire munnar (dersom det finst mat nok)
  • det som stig med 3.5% pr.år vere dubla (for eksempel Kina sitt oljebehov)
  • det som minkar med 3,5% pr. år gå mot null (for eksempel norsk oljeutvinning)
  • det vere for seint å utvikle nye energiformer (kva skulle det vere?)

Dette stiller store krav til innsikt, planlegging og handling for dei som vil berge seg og sine. Dei som maktar å organisere dette best vil overleve. Historia fortel om grupper som har overlevd krisetider gjennom framsyn og handling. Men den fortel også om dei som bukka under fordi dei forsømde seg og vart ståande ubudde på omveltingar.

Ikkje vent til Dagbladet kjem med tema Slik overlever du oljealderen. Den dagen er det for seint å lage tjueårsplan. I The Busby Report finn du meir grunnlag for eigne tankar. 


La “peak oil” vere tema i skjerma rom

February 24, 2006

Dei fleste nordmenn kjenner ikkje tema “peak oil” (sjå www.energikrise.no). Ei lita, men veksande gruppe kjenner det, men er ignorante og/eller sorglause. Ein liten rest kjenner både begrepet og verdskrisa vi går i møte.

Med dette utgangspunktet ville mobilisering for å gjere “peak oil” kjent føre til mykje støy, diskusjon og krangling om kva og kvifor. Det beste som kunne kome ut av det, ville truleg vere at dei som bryr seg og tek eit tak, endå ein gong vert pålagde å svi for dei som let det skure.

Derfor ser den beste strategien ut til å vere: Sky open debatt om overgangen frå eit rikt oljeland til ei oljelaus og fattig steinrøys. La dette vere tema i skjerma rom. Finn lokale strategiar og likesinna. Bygg stammar av medvetne og solidariske åndsfrendar.

Samtidig er det viktig å passe på kven som motarbeider og sløser bort oljerikdomen utan tanke på framtida. Dei bør ein gong stå til rette for sitt svik.

Moralen i dette er enkel: alle har rett til å velje kven dei vil vere solidarisk med.


Det djevelske dilemma

February 22, 2006

Den som reknar seriøst på energitilgong, transport og traktordrift, vil finne ut, at Norge utan olje maksimalt har mat til halvparten av oss. Det eksisterar derfor inga kollektiv framtid, ikke for oss og ikkje for andre. Den som tvilar kan studere http://dieoff.org/page199.htm (Scenario 2)

Dette er det djevelske dilemma for styr-og-hersk-klubben 2006 (Stoltenberg, Solberg, Sponheim, Haga, Hagen, Halvorsen og Høybråten). Dei sit med ansvaret for at 4.500.000 nordmenn kan leve vidare postpetro. Men dei ansvarlege har inga løysing. Det kan vere grunnen til passiviteten.

Derfor: Tenk lurt, planlegg livet utan olje alt no.


På tide å få det sentrale i fokus!

February 19, 2006

Det vil snart verte klårt at vår sivilisasjon har to plager som saman vil føre store folkegrupper utfor stupet.
 - Ei plage er genetisk, at kombinasjonen av kløkt og seksualdrift vil føre til overbefolkning på naturen si rekning. Det fann Tertullian ut alt i år 215. (I boka De Anima).
 - Den andre plaga er sosial og heiter folkestyre. Den kjem til uttrykk på to måtar: gjennom det som tidlegare heitte oklokrati, la meg kalle det amatørstyre, og gjennom sosial markedsøkonomi og Adam Smith si usynlege hand: det at Staten har teke på seg å hjelpe dei som får lov til å oppføre seg dumt og som av og til oppfører seg så dumt at dei øydelegg livsgrunnlaget for andre.

Utrykt på ein annan måte av Rudolf Bahro i Logik der Rettung (1987): Dauden har sneke seg inn i styrekretsen som styrer utviklinga av vår art.

Konsekvensen av dette vil etterkvart bli dramatisk.