Kjære …

Kjære Finn H. Bergesen, jr.

Du skal ha sagt at Staten ikkje må leggje seg oppi kva næringslivet skal drive med. Det høyrest fornuftig og riktig ut. Når Staten, det vil seie "folk flest", får styre prioriteringa for andre, går det som regel skeivt. Demokrati utan kunnskap og kollektiv intelligens er livsfårleg for vår sivilisasjon. Når det vert for mykje kortsyn, kunnskapsløyse og egoisme, vil ingen kunne dirigere næringslivet slik at det vert førebudd på vår oljelause framtid og den verda energikrisa vil skape.

Problemet er at heller ikkje markedskreftene, dirigert av økonomar og kapitaleigarar i knefall for Adam Smith og hans usynlege hand, kan gje oss energi etter oljen. Desse gruppene har vore flinke til å skumme fløyten av naturens fossefall og oljekjelder. Men ingen i denne sektoren har skapt ny og bærekraftig teknologi og slett ikkje nye rimelege energikjelder. Tvert i mot har økonomar ivra etter ein vekst som det er lett å rekne ut vil føre oss ut i uføre.

Fordi politikarane er bundne av veljaregoismen og kapitalen manglar patriotisme og framsyn, finst det inga kollektiv løysing.

Du burde ha rådgjevarar som kunne fortelje deg sanninga om dette. Og du burde ha styrke nok til å ta hensyn til at oljen vil ta slutt om korte tjue år. Det ser ut til at du manglar minst ein av desse delene.

Kjære ordførar!
No har du ditt livs sjanse. Du kan vere med og berge Norge frå katastrofe. Korkje rikspolitikarane, media eller forskarane varslar kva vi risikerere når olje tek slutt omlag 2025. Du kan alt no utnytte lokalpatriotismen i kommunen din til ein dugnad under motto "Kommunen utan olje". I ein artikkel (sjå under TEKSTAR) som vart skriven like etter at boka Limits to Growth kom, skreven av bakmannen bak denne boka, Jay Forrester, får du råd om korleis ein kommune bør ta vare på dei innbyggjarane den alt har, framfor å sleppe inn fleire. Du kan også finne tips på Internett under "Kinsale 2021".

Hugs at Norge har ei sjølberging på ca. 50% med olje. Kor mange som kan leve i din kommune utan olje og utan tilførsel av mat utanfrå, tør du vel ikkje tenkje på.
No er du tipsa!

Kjære Kjell Magne Bondevik!
Når verda om ca. 20 år får sterkt oljeunderskot, vil det verte for lite mat til dei 8 milliardane som då lever. Mykje for lite. Utan olje og gass vert det i beste fall nok mat til ein brøkdel av desse. Og så lenge det er kamp om maten, vil det vere uråd å skape fred.

Dei to største kristne sektene (på linje med islam) er basert på ei bibel som vil at menneska skal fylle jorda. På denne bakgrunnen er de vanskeleg å forstå at du kan stå fram som fredsarbeidar.

Den einaste vegen til fred går gjennom sterk global reduksjon av fødselstala. Det er kanskje ikkje så lett for ein prest å halde styr på tal når det gjeld planeten vår. Fredsproblemet kan ikkje løysast ved å spørje den kristne bibelen, men ved å rekne på ressursar og munnar. Utan at du går inn for "eitt barn per par" vil du aldri verte truverdig i Oslo Peace Center.

PS. Ein gud som de meinar har skapt jorda og resten av universet burde ha funne ein meir truverdig måte og eit langt tidlegare tidspunkt å gje seg til kjenne på enn akkurat der og då. Det luktar av manipulasjon og sjarlataneri.

Kjære innovasjonsminister!
Eg veit at du ikkje finst. Dersom du skulle kome, tippar eg at du kjem frå eit byråkratmiljø og får løna di uansett resultat. Derfor vågar eg å kome med eit par råd:

  • Sats på å vere ubyråkratisk
  • Sats på å gjere rett for løna di
  • Sats på den viktigaste nyskapinga først (Traatruser er tull å bruke skattepengar på!)
  • Tenk etter kva som vil verte kritiske faktorar nå oljen tek slutt: mat, bildrivstoff og straum.
  • Hugs at det er folk som skapar det nye. Finn dei dyktige og dyrk dei.
  • Høyr meir på naturvitenskapsmenn enn på økonomar.

Leave a Reply