Skygg unna politikk

Norge vert meir og meir ustyrleg. Når så mange klagar i vår økonomiske glanstid, korleis skal det gå når oljen tek slutt? Om få år (10 – 15) vil politikarane sitt kortsyn og si ansvarsløyse kome fram som skit på snø som tinar. Då bør ikkje du vere mellom dei som har delteke i den politiske prosessen. Det finst riktignok eksempel på at folk frå politikken har overlevd samfunnsomveltingar. Men når Norge skal tilpasse seg eit liv utan olje, med reduksjon av innbyggjartalet til det halve, vil dei som forsømde å ta gode grep i tide liggje dårleg an.

Derfor: Skygg unna politikken på alle plan. Du vil ikkje få til reformer i eit demokrati der veljarane ikkje vil forstå alvoret. Du bør heller bruke ressursane dine på å berge stammen din etter kollapsen i dagens Norge.

Leave a Reply